Ta vare på

Du skal finne ein gjenstand eller fleire gjenstandar heime som er i uorden/i stykke/øydelagt (dette kan vere ei bukse med hol/rakna søm, ein vaklevoren stol, eit punktert sykkeldekk, ein øydelagt glidelås, ein holete ullgenser/sokk, berre for å nemne nokre moglegheiter).

Du skal reparere gjenstanden og gjere han slik at den kan brukast vidare så lenge som mogleg. Under heile prosessen, skal du ta bilde og vise kva du gjer, du skal òg skrive/vise kva materiale du bruker og si kva reiskap/verktøy du bruker for å utføre jobben.

Alle val av framgangsmåte og val av materiale/verktøy/reiskap skal grunngivast (ta bilde før, undervegs og etter i prosessen). Set av 2 økter til dette arbeidet.